Desse stilfulle menn frå Sogn

I 1981 oppretta Husflidslaget for Sogndal kommune ei nemnd for å rekonstruera ein ny mannsbunad frå Sogn, fordi den som då var i bruk korkje var godkjend, tilrådd eller hadde fått uttale frå Lands- nemnda for bunadsspørsmål (seinare Bunad- og folkedraktrådet). Gunnvor Urheim og Inger Øyre vart sett til å leia denne mannsbunadnemnda.
Tekst: Johan B. Johnsen Foto: Eva Brænd

«Det første vi gjorde var å ta kontakt med Landsnemnda for bunadspørsmål og Magny Karlberg for å høyra om dei kjende til noko vi kunne nytta som bakgrunnsmateriale,» fortel Gunnvor Urheim då vi møter henne  i Sogndal denne strålande augustdagen, saman med tre staute menn i flotte sognebunader. Ho går straks i gang med å sjekka at trøyer, vestar og sokkar sit slik dei skal.

«Vi fekk til svar at ingen av dei dåværande mannsbunadane frå Sogn var lagd fram for Landsnemnda,» fortset ho. «At dei difor hadde få opplysningar om materialet som låg til grunn for desse bunadane, og at det var få registreringar av mannsklede frå Sogn i arkivet deira.»

Vel, dermed var det berre å gå på med krum hals for å finna fram til andre mogelege kjelder. Musea var ein naturleg stad: Dei to kvinnene kontakta Sogn Folkemuseum - De Heibergske Samlinger i Kaupanger, Historisk museum i Bergen og Norsk Folkemuseum på Bygdøy.

«Vi fekk napp både i Kaupanger og Bergen, men Folkemuseet hadde diverre ikkje noko mannsbunadtilfang frå området vårt,» fortel Gunnvor.

Det var naturleg å starta på Sogn Folkemuseum, som låg i nærleiken. Der vart dei mottekne med opne armar. Personalet var både velvillige og entusiastiske, og ga dei framifrå hjelp og støtte. Det er ingen tvil om at dei gode arbeidsforholda der fekk positiv innverknad på heile prosessen.

Etter å ha fått oversikt over tilfanget som fanst på museet, gjekk Gunnvor og Inger igang med å registrera plagg.  Dei valde å starta med vestane, sidan det fanst spesielt mange av dei på Sogn folkemuseum.

«Den eine av oss tok mål og noterte desse, medan den andre teikna skisse av plagget,» minnest Gunnvor. «Skissene vart laga i målestokk, og vi merka av mål, trådretningar, pyntestikningar og annan dekor som fanst på plagget.»

I omtalen tok dei med alder, eigar før og no, kvalitet/binding på materialet, fargar, utføring av saum og dekor, og andre viktige opplysningar.  Då dei var komne igjennom alle vestane, nytta dei same framgangsmåte på dei andre plagga: Blokabrok, steglatrøye med innfelte kilar, halvskjorter, skjorter, pikhuer, kodlhuer, kalottar, selar, sokkeband og sokkar.

I tillegg til arbeidet på musea i Kaupanger og Bergen var bygdebøkene til stor hjelp.  Her fann Gunnvor og Inger god omtale om tidlegare kledeskikk i Sognsbygdene.  Teikningane og akvarellane til Flintoe og Tiedemann var også verdifulle hjelpemiddel.

Dei fann ut at draktskikken for menn hadde vore den same over store delar av Sogn, men med rike individuelle variasjonar i dekor, farge og detaljar. Det verka også som om gifte og ugifte menn har brukt same type drakter.

Då alt registreringsarbeid var gjennomført, gjenstod kanskje det mest interessante og viktige: Å velja ut plagga som skulle bli den nye Sognebunaden.

«Her var Magny Karlberg til stor hjelp,» fortel Gunnvor. «Ho var med og tidfesta dei ulike plagga.  Og då det viste seg at vi hadde størst tilfang frå første halvdel av 1800-talet, rådde ho oss til å arbeida vidare med materialet frå denne perioden.»

Kleda frå denne tida har vanlegvis ein kort vest med høg, oppståande krage. Den er dobbelknappa og har djup ermringing.  Blokabroka som vart brukt er høg i livet og har brei linning med seleknappfeste. Sjølve bloka – altså klaffen framme som fungerer som opning – er forholdsvis smal. Ved kneet var det knappesplitt og linning med spenne.

Steglatrøya hadde høg livlinje og stor vidde i nederkanten. Den var utstyrt med høg ståkrage og krokerme. Det smale ryggstykket har djupe ermringingar med bryning. Også skjortene frå den tida har høg krage med broderi i kvitt eller svart. Dei har innfelling ved halsen. Ermet er rett utan legg eller rynker, har ermkile og broderte handlinningar.

«Så langt var alt vel,» seier Gunnvor. «No sette vi i gang med å sy kopiar under rettleiing frå Magny Karlberg. Vi var nøye med å gjera kopiane så like originalplagga som råd var, både når det gjaldt materiale, kvalitet, saum og dekor.»

Då dette var gjort, måtte kopiane omarbeidast for å tilpassa dei til normalfiguren av i dag.

Medan kroppsfasongen hjå mannlege sogningar i dag neppe skil seg særleg frå den du finn på gjennomsnittsnordmannen, var dette annleis tidligare, skal ein tru det som står i «Norske Nationaldragter» utgitt av Chr. Tønsberg i 1852.  Her blir sognemannens fysiske attributtar nøye omtala: «I dette Distrikt bekræfter atter den Sætning sig, at jo besværligere de forskjellig Egne gjøre Arbeidet for Bonden, desto raskere, muskulösere og livligere vil man finde ham. Saaledes seer man i Indre Sogn, hvor Vanskelighederne vel ere störst, i Regelen kun Bönder af en særdeles kraftfuld og udviklet Legemsbygning, ihvorvel Racen ei er stor. Fra den spæde Ungdom maa disse Folk bære Byrder, trække Læs, klavre i Fjelde og roe paa Söen, og derfor bliver intet Slags Anstrængelse dem fremmed, men deres Muskler böies og spændes i enhver Form.»  Vidare fortel Tønsberg at «Sogningerne ere godmodige og livlige, og sædvanlig av tænksom og opvakt Aand». Slett ingen dårleg attest frå ein bymann i det fornemme Christiania.

«Parallelt med arbeidet med vest, trøye, skjorte og brok arbeidde vi også med kopiar av selar, sokkeband og sokkar,» fortel Gunnvor.  «Vi sydde også pikhua med dei  seks og åtte trianglane. Då vi dreiv med regi-streringsarbeidet, fann vi også mange vakre knappar, spenner og beslag.  Mesteparten av dei var laga i messing, men mykje tyder på at både sølv og bronse har vore brukt.  Sølv har kanskje vore mest nytta på vesten og skjorta, fordi dei var mest synlege der. Vi fekk hjelp av sølvsmed Sigmund Espeland frå Årnes Sølvvirke på Austlandet med metallarbeidet på bunaden vår.»

11. februar 1986 kunne Gunnvor og Inger stolt presentera den nye  mannsbunaden på Sogn folkemuseum.  Samtidig kom uttalen frå Bunad og folkedraktrådet. Der står det mellom anna at dei... «vil gjerne understreke at det er gjort eit framifrå godt arbeid; ikkje minst når det gjeld det handverkmessige, som er av høg kvalitet».

Sidan den tid har fleire nye plagg blitt rekonstruert, og i dag kan menn som ynskjer seg Sognebunad velja mellom fleire ulike vestar, ei rekke skjortemodellar og ei trøye.  I tillegg til den kvite og raude som er avbilda her, finst det også ei lys, grå trøye.

Også hovudplagg finst i mange variantar: I tillegg til den omtalte pikhua med dei seks eller åtte trianglane som kjem i raudt og mørk blått, kan du få flosshatt og ei raud strikkehuve med blå- og kvitstripa kant.

«Vi har ei utgåve for unggutar, også» seier Gunnvor i det ho opnar ei ny øskje. Og før sonen til fotografen veit ordet av det, står han der ferdig påkledd og pynta i ekte sogne-bunad.

I åra som har gått sidan lanseringa av mannsbunaden frå Sogn, har Gunnvor Urheim holdt ei mengd kurs for Sognekvinner- og to menn.  I ein alder av 74 år, har ho no funne tida inne for å trappe ned på verksemda, men ho vonar og trur at denne arven kjem til å bli godt forvalta for ettertida.

Det er fleire å kontakta for dei som gjerne vil ha sognebunad. Gunnvor nevner Synnøve Vange i Vik, Aslaug Brendsdal i Lavik, Heidi Wie på Dalsøyra og Thea Glimsdal i Oslo.

«Rekonstruering av bunader tek mykje tid og kostar pengar,» avsluttar Gunnvor.  «For oss hadde det vore umogeleg å gjennomføra arbeidet med mannsbunaden frå Sogn utan den velviljen og entusiasmen som vi opplevde frå alle som vart involvert i dette prosjektet. Vi hadde heller ikkje kome langt utan finansiell støtte frå Husflidslaget for Sogndal kommune, Sogn og Fjordane husflidslag, bankar og kommunar i Sogn og fylkeskulturutvalet i Sogn og Fjordane.»

Artikkelen er gjengitt i sin helhet fra Magasinet BUNAD nr. 2/04

«Sogningene er godmodige og livlige, og sædvanlig av tænksom og opvakt Aand»
«Sogningene er godmodige og livlige, og sædvanlig av tænksom og opvakt Aand»

Den unge karen har raud strikkehuve med blå- og kvitstripa kant
Den unge karen har raud strikkehuve med blå- og kvitstripa kant

Bukseselane er av same type som menn brukar. Løysinga med snor som renn gjennom ringar, gjer at selane er gode å røra seg i, sjølv om dei ikkje er elastiske
Bukseselane er av same type som menn brukar. Løysinga med snor som renn gjennom ringar, gjer at selane er gode å røra seg i, sjølv om dei ikkje er elastiske

Etter at mannsbunaden vart presentert for fyrste gong, har det vore arbeida kontinuerleg med å kopiera fleire plagg. Her syner vi to nyare vestalternativ
Etter at mannsbunaden vart presentert for fyrste gong, har det vore arbeida kontinuerleg med å kopiera fleire plagg. Her syner vi to nyare vestalternativ

Grunnsaumen på denne skjorta er kopiert frå ei halvskjorte frå De Heibergske Samlinger - Sogn folkemuseum i Kaupanger
Grunnsaumen på denne skjorta er kopiert frå ei halvskjorte frå De Heibergske Samlinger - Sogn folkemuseum i Kaupanger

Gunnvor Urheim hjelper Per Oscar med å få på seg bunaden.
Gunnvor Urheim hjelper Per Oscar med å få på seg bunaden.

Detaljar tel like mykje på mannsbunadene som på kvinnebunadene. Her kjem vi tett innpå detaljar som knapphål, krage og halslinning på trøye og vest
Detaljar tel like mykje på mannsbunadene som på kvinnebunadene. Her kjem vi tett innpå detaljar som knapphål, krage og halslinning på trøye og vest