Skal det være rokokko eller
Louis Seize?

I Nord-Trøndelag kan mannfolka velja mellom to ulike rekonstruerte bunader, frå kvar si tidsepoke. Den eldste bunaden byggjer på draktskikken i Nord-Trøndelag frå 1770-1800, og er difor prega av rokokkostilen. Det var typisk for denne perioden at trøya eller «kjolen» var sid og ofte hadde store lommeklaffar. Dei var også veldig glade i fargar på denne tida, i motsetnad til perioden som den andre bunaden kjem frå; tida mellom 1800 og 1830. Her er fargane mørkare, dessutan er trøya og vesten kortare.
Tekst: Heidi Fossnes  Foto: Eva Brænd

Berit Bjerkem og medhjelparane hennar har rekonstruert begge desse draktene, og ho fortel at dei stadig er under vidareutvikling. No gjenstår det å få kopiert og produsert nokre fleire plaggvariantar, før bunadane vert lagde fram for Bunad- og folkedraktrådet.

På same måte som med kvinnebunaden hennar, har Berit Bjerkem samla og registrert mykje draktmateriale frå Nord-Trøndelag. Også her var dei lokale bondekvinnelaga i fylket sterkt involverte i innsamling og registrering. Ho har også hatt nært fagleg samarbeid med Bunad- og folkedraktrådet undervegs.

Sidan Berit fann klede frå forskjellige tidsperiodar, var ho ikkje nøgd med berre å laga ein einaste mannsbunad. Difor kan altså nordtrøndarane no velja mellom to bunader med heilt ulike uttrykk.

Er du av den meir fargeglade typen som ikkje er redd for å synast i terrenget, er den eldste varianten med raud «kjol» midt i blinken. Har du derimot meir sans for dempa eleganse, kan du velja den yngre varianten med kort, mørk blå jakke. Stilfullt vert det uansett.

Nord-Trøndelag Mannsbunad
frå 1770 - 1810

Den side trøya vert frå gammalt av kalla «kjol», og har mykje til felles med den franske «juste au corpus». Originalen var i raudt stampa ullstoff. Kjolen er enkeltspent med 15 messingknappar. Dei store lommeklaffane, som også er typisk for denne trøyetypen, har knapphol berre til dekor. Knappane sit nedanfor klaffen, og er også berre til pynt. Kjolen har splitt bak, og rund halsåpning utan krage. Trøyene vert sydd i raudt, slik som originalen, eller i mørkeblått ullstoff.

Det finst forskjellige vestar til bunaden. I denne tidsperioden vart det brukt lange, ettersitjande vestar, både med og utan ermar. Det var dei med ermar som vart kalla «vest», medan dei utan ermar gjekk under navnet «brystduk». Berit har kopiert ein av kvar slag. Begge vert sydd i tofarga ulldamask, i grønt og blått. Brystduken er enkeltspent med tolv messingknappar, medan vesten – som altså har isydde ermar – er dobbeltspent med ni par messingknappar. På same måte som kjolen, er heller ikkje vesten og brystduken utstyrt med krage. Vesten har lommeklaffar med knapphol og knappar som dekor.

Det er fire ulike skjorter til denne bunaden. Tre av dei er med kvitsaumsbroderi på skuldrene og handlinningane. Alle skjortene vert lukka med knyteband i halsen, og mansjettknappar eller knyteband i handlinningane. Mannfolka knyter eit silketørkle i sløyfe utanpå halskragen til denne bunaden.

Buksa er i lyst skinn eller svart vadmel. Men originalen var i brun cordfløyel, og Berit held framleis på med å skaffa ein stoffkvalitet som ligg så nær stoffet i den gamle buksa som mogeleg.

Det vert brukt blå strikka strømper til bunadene, dei vert heldt oppe med flammaband.

Det kan nyttast ulike hovudplagg. Både ein låg, vidbremma hatt med spenner på sida, og ein halvhøg variant. Også strikkehuve vert nytta. Begge mannsbunadene har same hovudplagg.

Nord-Trøndelag Mannsbunad
frå 1800 - 1830

Som vi skreiv tidlegare, er denne bunaden prega av klassisisme, eller Louis Seize-stilen. Berit og medhjelparane hennar fann fleire ulike trøyer frå denne tidsperioden, både i  skinn og ullstoff.

Trøya som Berit valde å kopiera, kjem frå Stjørdal. Den er i mørk blå vadmel, og dobbeltknappa med seks par messingknappar. Dei vart kopierte etter knappane i den originale trøya. Trøya har høg ståkrage og små slag. Den har splitt bak, og dei to ryggsaumane går over i fold nederst.

«Under rekonstrueringsarbeidet dukka det opp mange vestar,» minnest Berit. «Både enkeltspente og dobbeltspente.»

Fargar og materialer varierer også mykje, og ho kunne godt tenkja seg å kopiera fleire av dei. Men så langt har ho konsentrert seg om ein dobbeltknept vest i mørkebrun fløyel med gullfarga prikkar.

«Den har høg ståkrage, og er ganske kort. Dette er typisk for denne tidsperioden,» fortset ho. «Originalen til vesten kjem frå Stjørdal. Det er faktisk mange av plagga som kjem frå den kanten.»

Berit har kopiert knebukser i skinn og vadmel til denne bunaden. Originalen, som opprinneleg kom frå Overhalla, var i skinn.

«Men vi registrerte også ei anna knebukse som eg kan tenkja meg å sjå nærare på etterkvart,» fortel Berit.

Ikkje berre hatt og huve, men også strømpene og hosebanda er av same slag som til rokokkobunaden. Heller ikkje til denne bunaden vert det brukt sølv til skjorta, men silketørkle ser ut til å ha vore særs viktige stasplagg i Nord-Trøndelag.

«Det er ulike måtar å knyte silketørkla på, men slik eg gjer det her; det vil seia at eg knyter tørkleet i sløyfe utanpå skjortekragen, ser vi at det vart knytta på mellom anna Dreyers akvarell frå Verdal,» avsluttar den ivrige draktrekonstruktøren frå Nord-Trøndelag.

Artikkelen er gjengitt i sin helhet fra Magasinet BUNAD nr. 1/05

Kjol, langearma vest eller «brystduk» kan dokumenterast frå heile fylket. Kjolen vert også sydd i mørkeblått ullstoff
Kjol, langearma vest eller «brystduk» kan dokumenterast frå heile fylket. Kjolen vert også sydd i mørkeblått ullstoff

To-farga «kallemank» var mykje brukt både i kvinne- og mannskleda på 1700-talet i Nord-Trøndelag. Vi finn dette stoffet brukt både i kvinnetrøyer, stakk, liv og herrevestar
To-farga «kallemank» var mykje brukt både i kvinne- og mannskleda på 1700-talet i Nord-Trøndelag. Vi finn dette stoffet brukt både i kvinnetrøyer, stakk, liv og herrevestar

Her visast «brystduken», som altså er ein vest etter vår tids begrep. «Vest» på 1700-talet hadde ermar
Her visast «brystduken», som altså er ein vest etter vår tids begrep. «Vest» på 1700-talet hadde ermar

Jakob Steinar har same bunad som Farfar Jakob. Han har dobbeltstrikka raudbremhuve. Den vert strikka av sausvart ullgarn og har raud flosskant og løkkestrikk i innerhuva
Jakob Steinar har same bunad som Farfar Jakob. Han har dobbeltstrikka raudbremhuve. Den vert strikka av sausvart ullgarn og har raud flosskant og løkkestrikk i innerhuva

Mørk blå, kort trøye med messingknappar som vart kopiert etter knappane i originaltrøya
Mørk blå, kort trøye med messingknappar som vart kopiert etter knappane i originaltrøya

Originalen til fingerhanskane kjem frå Ogndalen. Oppskrifta finnest i Heidi Fossnes’ bok «Håndplagg til bunader og folkedrakter», Damm 2003
Originalen til fingerhanskane kjem frå Ogndalen. Oppskrifta finnest i Heidi Fossnes’ bok «Håndplagg til bunader og folkedrakter», Damm 2003

Mannsskjorta kan ha kvitsaumsbroderi på skuldrane og handlinningane. Mønsteret er av samme type som på serkene til kvinnene
Mannsskjorta kan ha kvitsaumsbroderi på skuldrane og handlinningane. Mønsteret er av samme type som på serkene til kvinnene